Viktige linkar: Solis database Det finske Solis-prosjektet.
Siste nytt:
14.01.99: Nye meldingar. New messages.
09.12.99: Full report from Solis seminar in Riga.
14.10.99: SOLIS
group for international collaboration
14.10.99: Report from Solis seminar in Riga.
24.09.99: Nye meldingar. New messages.
27.04.99: Nye meldingar. New messages. Årsrapport 1998.
28.04.99: Solisreport (English)
SOLIS-prosjektet (solenergi i skolen) har nå eksistert sidan
1991. I prosjektet har ein hatt som utgangspunkt måling av global solinnstråling. I
tillegg har elevane gjennomført ulike prosjektarbeid om solenergi. Målingane har vore
utført i samarbeid med forskingsmiljøet på Fysisk institutt UiO. Etter som tida har
gått har ein sett nytteverdien av dataene i andre samanhengar. Dette har ført til ei
utviding av prosjektet der ein ser på UV-stråling og ozon. I 1997 gjennomførte vi ein
nasjonal konkurranse om elevarbeid innan solenergi, Deilig er Solen. Resultatet av denne
konkurransen føreligg som eigen rapport.
Internasjonalt har det vore til dels stor interesse for prosjektet. I Finland har ein starta opp eit sjølvstendig prosjekt med 10 skular, som nå er utvida til 28 skular. Dei har tilsett ein SOLIS-koordinator, Ilkka Koivistoinen, i 50% stilling. Vi har innleia eit tettare samarbeid og reknar med å ha felles aktivitetar i skuleåret 99/00. Ni skular i Latvia har inngått eit samarbeid/nettverk med ni skular i Norge. Utgangspunktet for samarbeidet er SOLIS-prosjektet og prosjektarbeid om fornybare energikjelder, men ein ynskjer å utvide til eit meir generelt skulesamarbeid
Solis-skolane vert oppfordra til å sende bidrag i form
av linkar til eigne heimesider om SOLIS.
Solis database er no etablert
i samarbeid med Vanda-prosjektet.
Det er meininga at Solis-data no skal innrapporterast
elektronisk og alle data vil bli tilgjengeleg via internett frå Vanda-prosjektet sin
server ved Universitetet i Bergen.
For solis-skolane:
Solis skoleinformasjonsskjema (norsk) WORD - DOC for
innsending.
Solis information form (English) WORD - DOC for
participating schools.
Solis-prosjektet ved
Breivika vgs.
Lars.Olav.Tveita@sksk.mil.no