Ny samling fysikksimuleringar.
Førstelektor Leif Fausa ved Sjøkrigsskolen har samla, testa ut og laga oversikt
over fleire hundre fysikksimuleringar. Målsettinga er at dette skal vera den
beste samlinga fysikksimuleringar i Noreg. Simuleringane er ordna etter
klassesteg og tema, og er klar for direkte bruk i fysikkundervisninga. Karakter
6+.
Fysikkanimasjonar med integrerte testoppgåver.
Lars Olav Tveita
I faget Anvendt fysikk ved Sjøkrigsskolen brukar eg testoppgåver som skal løysast ved systematisk bruk av simuleringar. Simuleringane er henta frå internett. Utan konkrete oppgåver knytta til simuleringane er det vanskeleg å få elevane til å utnytte det læringspotensialet som ligg i dei. Ein rask demonstrasjon på førelesing, kan gi ein del a-ha opplevingar, men eigenaktivitet er eit vilkår for læring. Om dette fører til gode resultat, gjenstår det å sjå.
Fysikkanimasjoner til bruk i skolen.
Vi har nylig laget en samling "fysletter" (fysikkanimasjoner) som kan hentes fra Skolelaboratoriets hjemmeside. Sidene er under utarbeidelse, og det er ikke sikkert alle animasjonene virker til enhver tid. Men etterhvert skal nok alt virke tilfredstillende.
Dette er eit virtuelt laboratorium med fysikkeksperiment simulert
ved hjelp av JAVA-applets. Bruk av JAVA gjer at storleiken på filene
og dermed nedlastingstida er liten. Program frå utlandet er her lasta
ned lokalt for å gi raskare overføring. Har du simuleringsprogram som
du vil publisere her, så send inn til
Lars.Olav.Tveita@sksk.mil.no