Fysikermøtet på rett veg, men....
Fysikermøtet 2001 i Trondheim, 14.-17. juni, framstod i ny drakt. Det var lagt større vekt på seksjonsforedrag, og dei ulike seksjonane skulle plukke ut fellesforedrag av allmenn interesse.

Foredraga i Undervisningsseksjonen var ei høveleg blanding av undervisningsrelevant fagstoff, resultat av faglegpedagogisk forskning og idear til endringar i innhald og metodar i fysikkundervisninga.

Per Morten Kind sitt innlegg: Fornying av fysikk i videregående skole, kan vera grunnlag for fagplandebatten som vart varsla på Landskonferansen 2000. Utvalget for læreplanarbeid med Rolf Olsen (leder), Ellen K. Henriksen, Per Jerstad, Eimund Aanot, Per Morten Kind, Øyvind Gulldahl og Astrid Johansen vil hausten 2002 bruke eit temanummer av Fra Fysikkens Verden som eit høgdepunkt (ikkje startpunkt) for ein prosess som endar opp med ein hoved-diskusjon på Landskonferansen 2003. I denne prosessen må fylkesgruppene i NFL aktiviserast. Og det er viktig at den "vanlege" fysikklærar blir involvert, ikkje berre gjengangarane av "entusiastar". I løpet av skoleåret 2002/2003 bør det vera forsøk i gang. Så prosessen bør koma i gang alt komande skoleår .

Per Jerstad fekk Undervisningsprisen. Han sa i prisforedraget sitt mellom anna: Vi har ei stor fortelling å vera med å fortelja. Vi må invitere alle fysikarar med på å lage denne forteljinga, lage nye fagplanar. Elevane vil la seg fasinere. Vi må halde på det positive vi har:  Elevar som er tilfreds med faget (når dei først er i gang) og lærarar som trivs med faget. Vi må knekke myten om at fysikk er eit vanskeleg fag (for elevane seier at det er matematikk som er vanskeleg, og at matematikken i fysikken er lett!).
Vågar vi gjere pensum mindre, særleg i 2Fy? Eleven må få gruble og undre seg, få meir tid på lab og til å utforske ressursane på internett.

Det var altså vel verdt for fysikklærarar å reisa på Fysikermøtet i år. Men det var ein del feilskjær i fellesfordraga. "The Universe: its birth and ultimate fate". Det er eit interessant tema, akselererer universekspansjonen eller ikkje? Det er greit å få vite litt om prinsippa for utrekningane og målingane. Men så endar det opp i detaljdiskusjon av diagram og grafar.  "Crack fronts and damage in some complex microstructures". Det samme her. 10 minutt interessant introduksjon til fenomenet og dei parametrane som blir brukt, og så ein halvtime med detaljar som berre kan interessere spesialistane. "The Quantum World Unveiled by Electron Waves": Han som introduserte fordragshaldaren, hadde ikkje vore i tvil om at dette var rett mann. Det store fleirtal var i tvil om kva vitsen var med foredraget. Vi fekk sjå haugevis med bilete av "the dynamics of vortices". Det kunne like gjerne vore amøber som flytta seg rundt om på skjermen.

Det må til neste fysikermøte stillast krav til dei som held fellesfordraga om pedagogisk gjennomtenkte oversiktsforedrag . Dei må informerast om kva type publikum dei har. Dette har vore sagt før.

Ramma rundt Fysikermøtet var heilt topp i det nye Realfagbygget og i Trondheim by, med utflukt til Munkholmen med rekefest, og fin konferansemiddag på Royal Garden. Men den sosiale kveldsaktiviteten vart noko hemma av at folk budde spreidd. Så neste gang - i 2003 - møtest vi på høgfjellshotell?