Bergen, 29.06.00
Norsk Fysisk Selskap har revidert faggruppeinndelinga, og satsar på at Fysikermøtet i 2001 blir eit møte der ein  får til omfattande faggruppemøter i tillegg til eit felles møte, og  der ein ønskjer å samle 300-500 norske fysikarar. Eit første utkast til program for et slikt møte: http://www.fys.uio.no/nfs/fysikermote/programutkast

Dette ser bra ut. Fysikklærarar og mange andre har hatt ei stor innvending mot opplegget på Fysikermøtet: Mange av foredragshaldarane held fellesforedrag som om dei er på spesialkonferanse innan sitt fagfelt. Arrangementskommiteen må syte for at dei inviterte fellesforedragshaldarane uttrykkeleg får beskjed om å gi pedagogisk tilrettelagde oversiktsforedrag.

Det vil vera litt av ei utfordring for Fysikklæreforeningen å få til 46 foredrag a 15 minutt på faggruppedelen!  Så utfordringa går alt no til medlemene: Har du eit spørsmål, ein ide, eit opplegg, eit stykke fysikkutstyr, eit eksperiment eller eit program som du vil dela med andre eller få vurdert av kolleger, så bruk neste skoleår til å førebu eit innlegg. Nytte-effekten for dei som får del i dine tankar, er ikkje avhengig av eit skyhøgt teoretisk nivå - ofte tvert om. Legg heller vekt på det du er ekspert på: Ein pedagogisk presentasjon!

Tidspunktet for Fysikermøtet 2001 - 14.-17. juni, er det grunn for å stilla spørsmålsteikn ved. Er det nødvendig å bruke lørdag og søndag til eit slikt møte?  Det bør revurderast.

Mange av oss ser no fram mot Landskonferansen i Grimstad. Når vi nærmar oss konferansen, vil Fysikklæreren koma med oppdatert program og deltakarliste, og etter konferansen gi eit grundig referat. Dei som skal halde innlegg, har sikkert sendt "abstract" til arrangementskommiteen. Dersom nokon vil ha det publisert på førehand i Fysikklæreren, så send det som vedlegg til E-post til meg:  Lars.olav.tveita@sksk.mil.no

Andre innlegg er også velkomne, og i grunnen sårt sakna!
God sommar!