NYE FORNYBARE ENERGIKJELDER
(SOLIS-prosjektet)
SOLIS-målingane
Latviaprosjektet
UV-prosjektet
Verdskonferanse i år 2000
Trøndersol 98 og Sunday 98
Generelt
Internasjonalt har det vore til dels stor interesse for prosjektet. I Finland har ein starta opp eit sjølvstendig prosjekt med 10 skular, som nå er utvida til 28 skular. Dei har tilsett ein SOLIS-koordinator, Ilkka Koivistoinen, i 50% stilling. Vi har innleia eit tettare samarbeid og reknar med å ha felles aktivitetar i skuleåret 99/00.
I 1998 har 38 skular rapportert data. Heimdal vidaregåande skule har starta opp på nytt. Skulane har rapportert kvar månad og i denne rapporten finn ein kurver som viser årsresultata.
Ni skular i Latvia har inngått eit samarbeid/nettverk med ni skular i Norge. Utgangspunktet for samarbeidet er SOLIS-prosjektet og prosjektarbeid om fornybare energikjelder, men ein ynskjer å utvide til eit meir generelt skulesamarbeid. Det føreligg ein sjølvstendig rapport for dette delprosjektet. I denne rapporten er tatt med eit samandrag.
Hovudaktiviteten i dette prosjektet i 1998 var ei samling på Solobservatoriet på Harestua 14-15 mai. Der deltok 15 skular, deriblant Nykarleby frå Finland. Målet med samlinga var å få kalibrert instrumenta dvs lage eit Langley-plott. For å få til var vi avhengig av skyfri himmel noko vi faktisk fekk. Dette prosjektet er også delfinansiert gjennom forskingsrådet.
Internasjonalt vert det arrangert konferansar om undervisning om nye fornybare energikjelder. Vi ynskjer at Norge skal arrangere denne konferansen i Oslo i år 2000. Vi har fått aksept for dette tiltaket i den internasjonale solenergiorganisasjonen. Arbeidet er godt i gang og arbeidsutvalet deltok på den tilsvarande konferansen i Delhi i november 98. Planane for det vidare arbeidet vert presentert i denne rapporten.
I 1998 ynskte vi å halde fram arbeidet som vi starta gjennom SOLIS-prosjektet, men vi ynskte å fokusere på nye fornybare energikjelder generelt dvs sol, vind, bio og vind. Vi ville heller ikkje binde prosjektet opp til 2FY. Dette vart gjort gjennom ein regional satsing som vi i år kallar Trøndersol 98. Det vart gjennomført kurs for lærarar og elevar i Møre og Romsdal, Nord- og Sør-Trøndelag. Det er sendt ein eigen rapport på dette prosjektet. Her har vi med eit samandrag.