Samandrag av aktivitetane i 1998

Koordineringsgruppe i Noreg

Vi etablerte ei koordineringsgruppe i Noreg. Medlemmene i gruppa er representantar frå administrasjonen ved kvar skule. Medlemmene i 1998 har vore:

Nr Institusjon Namn Adresse Telefon Faks Epost
  Bø vgs Wenche E. Hanevik 3800 Bø 35 95 08 00 35 95 07 01 wenche.hanevik@boevs.telemark-f.telemax.no
  Dalen vgs Tove Haavelmoen 3880 Dalen 35 07 72 71 35 07 72 06 karlth@online.no
  Jessheim vgs Tore Ruud 2050 Jessheim 63 97 15 10 63 97 41 73 torrud42@vgs.pilot.akershus-f.kommune.no
  Levanger vgs Knut Bergdal 7600 Levanger 74 08 69 25 74 08 69 22  
  Lillehammer vgs Geir Linberg Storgt 25

2600 Lillehammer

61 25 16 21 61 25 91 30 glindber@online.no

lhmrvgs@online.no

  Malvik vgs Odd Andresen 7560 Vikhamar 73 97 30 00 73 97 30 01 odandres@malvik.vgs.no
  Porsgrunn vgs Inger Andersen Kise 3900 Porsgrunn 35 57 30 06 35 55 27 88 Inger-Andersen.Kise@porvs.Telemark-f.telemax.no
  Rissa vgs Steinar Høynes 7100 Rissa 73 85 85 00 73 85 85 10 hoynes@rissa.vgs.no
  Ås vgs Per Lien Boks 10, 1430 Ås 64 94 03 60 64 94 09 60  

 

 

Gruppa har hatt 3 møte i 1998 (23.april, 7. august og 3. desember). Oppgåva til gruppa har vore å koordinere samarbeidet mellom skulane og å gjere vedtak om disponering av budsjettet. Referat frå møta følgjer som vedlegg.

 

SOLIS i Latvia

SOLIS-koordinator i Latvia

Som ansvarleg for gjennomføring av SOLIS-aktivitetane i Latvia er engasjert prof. Tomass Romanovskis. Han har ansvaret for å følgje opp skulane spesielt når det gjeld gjennomføring av målingane og prosjekt i fysikk om solenergi. Det direkte skulesamarbeidet vert planlagt og gjennomført etter avtale mellom dei einskilde skulane. Som koordinator hjelper han til dersom det oppstår problem i kommunikasjonen eller liknande.

Rapport frå besøket i Latvia 5-8 juni 1998

Som eit ledd i utviklinga av Latviaprosjektet ynskte underteikna å sikre seg at alt måleutstyret fungerte ved kvar skule i Latvia. Med på reisa var Lars Olav Tveita frå Sjøkrigsskolen av di han har programmert måleprogrammet i Solis og har lang erfaring med måleteknikk. Tomass Romanovksis frå fysikkavdelingen ved Universitet Latvia i Riga er ansvarleg for gjennomføringa i Latvia og han planla besøka i Latvia. I tillegg avtalte vi eit besøk på den norske ambassaden i Riga for å orientere om prosjektet.

Rundturen til skulane viste seg å være naudsynt då det på nesten på alle skulane var større eller mindre problem. Vi fekk alt til å fungere på alle skulane, slik at denne delen av prosjektet vil fungere godt til hausten. På kvar skule hadde vi samtaler med administrasjonen der vi fekk samtalt om korleis dei tenkte seg samarbeidet med skulen i Noreg. Mange av skulane hadde alt god kontakt med sin norske partnerskule og dei hadde konkrete planar for hausten 98.

Oversikt over besøket på kvar skule finn ein på Internett

 

 

 

Skulesamarbeidet

Prosjektet har hatt to hovudformål:

1. Utvikle skulesamarbeid med latviske skular gjennom lærarutveksling/lærarsamarbeid og elevutveksling

2. Innføre prosjektundervisning som undervisningsmetode i fysikkundervisningen i Latvia gjennom SOLIS-prosjektet.

Når det gjeld samarbeid mellom skulane har det vore stor aktivitet på 5 skular. Ås vgs har hatt eit eksisterande samarbeid med Riga 64 og har ikkje brukt midlar frå dette prosjektet. Rapportar frå aktivitetane fylgjer som eigne rapportar frå skulane.

Innføringa av SOLIS-prosjektet i fysikkundervisninga i Latvia har foregått parallelt med skulesamarbeidet. SOLIS-målingane foregår og vert rapportert frå 7 av skulane. Ein eigen rapport om SOLIS i Latvia følgjer separat.

Dei samarbeidande skulane er:

LATVIA

NORWAY

Agenskalna valsts gimn. Malvik vgs
Cesu pilsetas gimn Porsgrunn vgs
Dundagas vsk Lillehammer vgs
Jekabpils valsts gimn Jessheim vgs
Jelgavas 1. gimn Bø vgs
Preilu valsts gimn Rissa vgs
Rigas 64. vsk Ås vgs
Valmieras Pargaujas gimn. Dalen vgs
Ziemelvalstu gimn.

(nordisk gymnas)

Levanger vgs

 

Utvikling av eit engelskprosjekt

Frå latvisk side vart det tidleg uttrykt ynskje om å styrke språkkunnskapane, spesielt i engelsk. Vi har derfor utarbeidd eit framlegg til prosjekt som er planlagt gjennomført i 1999. Vi presenterer planan i eit eige kapittel i denne rapporten.

Bruk av Internett

Det er laga ei eige heimeside for prosjektet av Lars Olav Tveita:

http://www.hordaland.vgs.no/fysikk/latvian.htm

 

Det er også under utvikling ei eiga heimeside for SOLIS-resultat, der skulane kan sende inn data kvar månad og hente data frå alle skulane i nettverket.  http://vann.zoo.uib.no/data/solis/