Dalen 5. januar 2000
Dalen 26. november 1999
Bergen 6.oktober, 1999
Dalen 16. september 1999
Dalen 3. september 1999: Konferanse i Riga.
Dalen 25. mai 1999
Dalen 22. april 1999
Dalen 17. mars 1999

Dalen 5. januar 2000

Til alle SOLIS-skulane

GODT NYTT ÅR!!

Vi startar året med mykje informasjon om ulike aktivitetar. Det er både Solenergidagar i Oslo 28 og 29 februar og ISREE2000 i juni.

ISREE2000

For informasjon om kva som skal skje på konferansen i Oslo: http://www.dalen.vgs.no/isree2000/. Vi har fått leiande folk frå det internasjonale solenergimiljøet til å halde innlegg på konferansen.  I tillegg vil det sosiale opplegget følgje vanleg Arne Auen stil, med mange flotte opplegg. For at flest mogleg av SOLIS-lærarane skal ha høve til å delta har vi sett av ein sum til deltakarstipend. Ein kan rekne med at minimum 50% av konferanseavgifta kan bli dekt. Legg ein liten søknad saman med påmeldingsskjemaet. Påmeldingsfrist er 1. april, men vi set pris på tidlegare påmelding.

Solenergidagane 28-29 februar i Oslo

Norsk Solenergiforening har tatt initiativ til ein konferanse for å samle fagmiljøa i Norge. Konferansen går over 2 dagar med mange interessante foredrag. Vi håpar at mange av SOLIS-lærarane vil nytte til å oppdatere seg på kva som skjer i Norge. Sjå   informasjon om programmet: http://www.solenergi.no/kalender.html

Utstyr til Latvia

Det er nokre fleire skular i Latvia som er interessert i å få SOLIS-utstyr. Vi ber om at dei skulane som ikkje er aktive, og kan tenkje seg å levere inn utstyret, om å gje tilbakemelding snarast. Vi kan betale kr 2000,- for komplett utstyr.

 Solrik helsing

 Karl Torstein

Dalen 26. november 1999

Til alle SOLIS-skulane

SOLIS-målingane

Vi vil gjerne at målingane vert sendt direkte til databasen. Eg minner om at nytt program og framgangsmåte får ein ved å ta kontakt med Lars Olav Tveita (lars.olav.tveita@sksk.mil.no).

Men send fortsatt data direkte til meg. I det minste treng eg gjennomsnittsverdien for månaden. Den kan du sende via epost til karlth@online.no.

 

Diskusjonsgruppe

SOLIS i Finland, ved Ilkka Koivistoinen, har etablert ei diskusjonsgruppe på Internett der ein kan stille spørsmål eller informere om kva for prosjekt ein held på med. Bruk helst engelsk slik at både finske og latviske deltakarar kan forstå innhaldet. Adressa er : http://solis.wwnet.fi/soliscollabora/Default.htm

 

Norsk solenergiforening

Det er nå ei eiga domene for Norsk solenergiforening: http://www.solenergi.no/.

Foreininga har nett gjennomført ein rapport "Strategi for å fremme solvarme i Noreg". Denne er lagt ut på nettet og bør lesast av alle interesserte.

 

Dagskurs

Underteikna og Einar Oterholm har laga ei kurspakke for elevar eller lærarar i samband med konkurransen "A Wonderful Sun". Vi gjennomførte nett eit dagskurs for 80 10-klassingar på Lena ungdomsskule. Dersom ein skule ynskjer ein slik dag er det bare å ta kontakt. Føresetnaden er at elevane gjennomfører prosjekt og deltek i Oslo i juni neste år. Under desse føresetnadene er kurset gratis.

Solrik helsing  Karl Torstein

Bergen 6.oktober, 1999
Det er laga eit eige program ECLIP.EXE for ekstrahering av Solis-data under sølformørkinga 11.august. Programmet lagar ei datafil Snn0812.ECL som inneheld tid, solinnstråling og temperatur for kvart 3. minutt frå kl. 11.00 til kl 14.57 den 11.8.99. Eg vil gjerne at så mange som råd er køyrer programmet, kopierer datafila til ein diskett, går til ein Internettmaskin og lastar opp fila til SOLIS databasen. Bruk:
http://vann.zoo.uib.no/data/solis/inn/uploadform.pl    Vi kan då samanlikne solformørkingsdata frå alle skolane.
Klikk her for å hente programmet ECLIP.EXE, kopier det inn i  katalogen SOL på solismaskinen og køyr det. 

Lars Olav

 

 


Dalen 16. september 1999

Til alle SOLIS-skulane

SOLIS-målingane

I denne runden har vi data for mai, juni, juli og august. Vi ser at vi har mest data for mai. Fleire skular melder om problem gjennom sumaren som gjer at dei manglar data. Men frå andre reknar eg med at det vert sendt data etter kvart som ein kjem i gang.

Seminaret i Latvia

Seminaret i Latvia går som planlagt. Oppdatert program finn ein på heimesida til SOLIS i Finland http://solis.wwnet.fi/. Deltakarane får tilsendt eige program med reiserute.

Bruk av Internett

Vi håpar at fleire vil nytte Internett for innsending av data. Sei frå dersom det er noko som ikkje fungerer i samband med dette.

Solformørking 11. august

Eg legg ved ein graf frå Bjertnes som viser målingane under solformørkinga. Er det andre som har gode kurver for denne dagen vil eg gjerne ha det.

Artikkel om THE SCHOOL PHYSICS PROGRAM i Finland

Ari Lampinen har skreve ein artikkel om prosjektet i Finland, som eg sender ut til orientering. Artikkelen har også generell interesse for fysikkundervisning.

Standard påminning: ISREE2000. Sjå på http://www.dalen.vgs.no/isree2000/.

Solrik helsing

Karl Torstein

 Dalen 25. mai 1999

Til alle SOLIS-skulane 

SOLIS-målingane

Denne månaden er det 30 som har sendt inn, noko som tilsvarer 79%.

 

Internasjonalt SOLIS-seminar i oktober

Det har meldt seg på bortimot 30 frå Norge til seminaret. Vi har ennå ikkje oversikt over kor mange som kjem frå Finland og Latvia. Frå England får vi truleg besøk av Paul Rowley, som leiar skuleprosjektet Global Solar Partners i BP. Det er særs hyggeleg at så mange melder seg på til dette seminaret. Når dette brevet sendast ut er ikkje all økonomi på plass, men eg håpar alt er i orden i løpet av juni.

Det blir eit spennande seminar!

 

Latviaprosjektet

I Latviaprosjektet er det stadig elev- og lærarutveksling mellom skulane. I dette prosjektet har vi fått finansiert det slik som vi ynskte. Både UD og KUF støttar prosjektet. Det vert i alle fall eit lite bidrag til kvar skule.

 

Testing av solkokerar

I eit tidsskrift kom eg over ei standard prosedyre for å teste solkokarar. Dette kan kanskje være eit greitt elevprosjekt.

Verdskonferansen ISREE2000

Brosjyre om verdskonferansen og skulekonkurransen "The Wonderful Sun" vert sendt ut rett før skulen er slutt i år.

Bruk av Internett

Så langt vi kan registrere er det få som har teke i bruk Internett for å sende data. Vi håpar det vert fleire etterkvart. Det er faktisk veldig greitt!

Dette er siste utsending før sumarferien. Neste innsending vert i september 99, då med data frå mai, juni, juli og august. Informer vaktmeistar, slik at maskina ikkje vert slått av i sumarferien.

Ha ein velfortent sumarferie!

Solrik helsing

Karl Torstein

 

Dalen 22. april 1999

Til alle SOLIS-skulane 

SOLIS-målingane

Denne månaden er det 32 som har sendt inn, noko som tilsvarar 84%.

Internasjonalt SOLIS-seminar i oktober

Vi inviterer til eit SOLIS-seminar i Riga 7-10 oktober sammen med latviske og finske lærarar. Seminaret vil vare 2-3 dagar. Vi har ikkje finplanlagt reiseopplegg og seminarinnhald, men datoane er fastsett. Målet med seminaret er å inspirere til å gjennomføre prosjektarbeid i fornybare energikjelder neste skuleår og delta på utstillinga på verdskonferansen i Oslo. Slik at kravet for å delta på seminaret er at ein legg opp til prosjektarbeid neste år. Det er derfor viktig at minst ein frå kvar skule skal undervise i 2FY neste år. Elles ynskjer vi som før at to frå kvar skule deltek. Avhengig av talet på deltakarar må vi kanskje ha ei seminaravgift (<=kr 1000). Dei som har store reiseutgifter til Trondheim/Oslo, vil få dekt delar av desse utgiftene.

Dette vert eit fantastisk høve til å treffe gamle kjente og bli kjent med lærarar frå Finland og Latvia. I tillegg vil ein få høve til å sjå Riga og ein stor del av Latvia. For dei som er med i Latviaprosjektet vert det høve til oppfriske gamle minne!

For at vi skal få organisert turen greitt med rett deltakartal ber eg om påmelding innan 17. mai.

PÅMELDING TIL SEMINAR I LATVIA I OKTOBER 1999.

SKULE:
LÆRAR:

1.

2.

Send til fax: 35079101  epost: karlth@online.no

SOLIS via Internett. Oppklaring!

For å sende via Internett treng du ikkje ha SOLIS-maskina kopla opp på Internett. Du lagrar databasefila på ein diskett og går til ei maskin som er kopla opp på nettet og sender data etter oppskrifta frå Lars Olav. Det tyder at du kan også sende data for månader som manglar i databasen.

Nytt telefonnummer til Dalen VGS

tlf: 35079100

fax: 35079101

direktenummer: 35079131 

Solrik helsing

Karl Torstein

Måleresultat for mars 99 finn du ved å klikke her: http://vann.zoo.uib.no/solis/



Dalen 17. mars 1999

Til alle SOLIS-skulane
SOLIS-målingane
Denne månaden er det 34 som har sendt inn, noko som tilsvarer 89%. Det er svært bra.

SOLIS skuleinformasjon

Vi er i ferd med å lage ein skikkeleg oversikt over skulane på Internett. Lars Olav har laga ein database der alle data fram til desember 98 er lagra. Vi ber om at alle skulane sender inn den informasjonen det er spurt etter på arket. Du kan også gjere dette via epost. Sjå vedlegget.

SOLIS via Internett

Det er nå mogleg å sende inn data via Internett. For å få til det må du ha siste versjon av SOLIS og så må du få eit passord av Lars Olav. Send ein epost til Lars Olav så får du tilsendt siste versjon og passord.

For at vi skal vere sikre på at vi skal få nokre i gang går utfordringa sjølvsagt til alle, men spesielt til Vestvågøy, Heimdal, Bjertnes, Møglestu, Nykarleby, Preili, Jekabpils og Jelgava.

NB! Send like vel diskett med data som før til underteikna.

Mailingliste

Det er også oppretta ein listserver til bruk i SOLIS. Det tyder at sender du ein epost til solis-l@lists.zoo.uib.no så vil alle i nettverket få samme meldinga. På den måten kan vi lettare utveksle idear via nettet.

I tillegg er det oppretta ei epostadresse du kan bruke for å sende informasjon du vil publisere på heimesidene til SOLIS (prosjekt osv): solis@zoo.uib.no

Internasjonalt samarbeid

Eg vidaresender ein invitasjon frå eit prosjekt i Skottland. Dei invitere til samarbeidprosjekt mellom to og to skular, der du faktisk kan få utstyr frå BP, og også delta i ein konkurranse i Glasgow. Les gjennom det og sjå om det er av interesse.

Solrik helsing

Karl Torstein

Måleresultat for februar 99:  http://vann.zoo.uib.no/solis/