Landskonferanse om fysikkundervisning .
Sundvolden hotell 9. - 12. august 2003
Debatt om læreplan i fysikk.
1. Innleiing av Jan Finnby, Per Arnslett, Sigrid Skogan, Geir Arge og Rolf V. Olsen.
Jan Finnby representerte denne gangen Oppland og Møre og Romsdal som hadde hatt eit fellesmøte på Dombås med 27 fysikklærarar. Han skisserte ein del innspel som var komne på dette møtet:
Samarbeid grunnskole/vgs: Det trengs ei oppgradering av naturfagslærarane i grunnskolen. Faget må gjerast meir spennande og kvardagsretta. Samarbeid i naturfagforum, ved felles planleggingsdagar, ved at vgs elevar deltar i undervisning i grunnskolen, ved kursing og forsøksverksemd.
Struktur på fysikkfaget: Fysikk eige kurs i grunnskolen? 1Fy-kurs i vgs? Eller kanskje eit fysikk/matematikk/teknologi-kurs?
Per Arnslett hadde hatt møte for Vestfold og Buskerud med Lerkerød og Haugan som innleiarar. "Takk Newton, du kan hvile nå!" - må vi starte all fysikkundervisning med Newtons mekanikk?
Sigrid Skogan hadde hatt møte for Trøndelag eit par timar på Fagleg pedagogisk dag, og mellom anna drøfta kvantitativ og kvalitativ fysikk. "Det er sendt ut fleire variable frå Christin Clemet enn det fins likningar å løyse!"
Geir Arge hadde hatt møte med ca. 20 fysikklærarar i Oslo/Akershus-regionen. "Kva skal ut, og kva skal inn?" Det var mest prega av enkeltinnspel som f.eks.: Modelering inn og elektrisitet og varme ut!!?
Etter innleiingane var det debattinnlegg:
Bernt Bøckman: Ikkje så viktig kor mange emne som er med, men at dei får ei solid plattform av ting som dei kan godt.
Ingvild Roald: Solid plattform i hovedemna, og leggja til modular om andre tema.
Bjørn Bjørneng: Den største utfordringa er å få til samanheng og samarbeid barnehage-grunnskole-vgs-universitet. Elevane kan gjerne ha lært elektrisitet før 2Fy, men då må vi vera sikker på at dei kan det!
Sigrid Skogan: Vi må lage eit løp for elevar som vil stå på, for vi treng godt kvalifiserte studentar til vidare studium. Ved eventuell avvikling av sentralgitt eksamen, må vi ikkje godta det utan debatt som sikrar eit godt system.
Rolf V. Olsen: Ikkje enig i at vi må ha sentralgitt eksamen.
Arna Lerkerød: Vi må ikkje overlesse fysikk-kurset med emne (som i matematikk), for vi skal også tiltrekkja oss elevar!
Jon Døhl: Fysikkfaget er studieførebuande, og må (vil, skal) bli styrt av myndigheter og mottaksinstitusjonar. Vi må ha sentralgitt eksamen for å unngå subkulturar.
Per Arnslett: Sentralgitt i avgrensa emne.
Arna Lerkerød: Sentralgitt eksamen sikrar distrikta sin verdi, unngår at enkeltskular får dårleg (udokumentert) rykte.
Eimund Aamot: Vi må få fram ein del hovedsaker(emne) som vi må ha med i Fysikkfaget. Så kan vi gi ein del småting på båten.
xxxxxxx: Bruke eit nytt 1Fy til å profilere fysikkfaget. 2Fy/3Fy med ei avgrensa obligatorisk emneliste, med mulighet til fordjuping. Må få dei flinke elevane tilbake til allmennfag.
Anders Isnes: Mange vil at vi skal lage integrerte naturfag også i vgs. Vi må vera audmjuke ovanfor andre fag i grunnskolen.
Eimund Aamot: Utan sentralgitt eksamen kan vi få ei oppbløming av pedagogisk nyskaping. Når det gjeld planarbeidet: Vi må starte opp no, for på slutten vil vi synast det går altfor fort.
Jan Finnby: Kan ikkje tvinge elevar til å jobbe meir. Det slaget er tapt. Vi kan vinna mykje på å motivere for faget i grunnskolen.
Geir Arge: Asker har hatt samlingar med fysikklærarar frå alle skolesteg.
xxxxx: Viktig med sentralgitt eksamen for eigenkontroll. Når det gjeld jobbing utanom skolen: Fysikkelevane har ikkje tid til slik jobbing, "alle andre" har tid til å ta seg jobb.
Oppsummering:
Anders Isnes: Det er mange ting vi må uttale oss om:
1. Struktur: Klassesteg for fysikkfaget (også grunnskole). Samanheng mellom klassestega. Kanskje bør det koma eit nytt Naturfag som tar seg av det allmenndannande. Kanskje eit "Eksperimentfag" 1-7 klasse? 1Fy, 2Fy, 3Fy.Vi må ha meiningar om det!
2. Stoffmengde: Meir metode/færre emne? Vi må roa oss ned ! Kan ikkje få plass til alt. Avtakarinstitusjonane vil ha kompetanse i å kunne møte nytt stoff, nye utfordringar.
3. Metode: Kompetanse/Prosjekt. Kanskje dei som fokuserer på dette, lærer noko anna som er viktig for livet deira?
4. Fagplanar/læreplanar: Kva vil vi ha?
5. Evalueringssystem: Dei fleste vil ha gitt sentralgitt eksamen.
6. Grunnar for å ha så mykje fysikk som vi gjev uttrykk for?
Strategi: Lag ein del punkt som vi er samde om slik at vi uttalar oss samstemt!