Fysikkundervisning i akselerert klasserom.
Lars Olav Tveita, Sjøkrigsskolen.

Sjøkrigsskolen overtok 22. juli i år Statsraad Lehmkuhl som skoleskip, og
første tokt gjekk til Nordisk Kadettstemne i Finnland. I september blir kursen
lagt til Karibien og USA, med retur tidleg i desember. I tillegg til øving i
praktisk sjømannskunnskap og lederskap, skal det foregå "vanleg"
undervisning ombord. Dette vil bli eit årvisst opplegg for kadettane i 1.
klasse ved Sjøkrigsskolen.
På toktet til Finnland hadde ei gruppe kadettar eit
3-vekers intensivkurs i 2Fy. Dette er kadettar som må ha 2Fy som grunnlag for
seinare kurs i fysikk, skipsteknikk, navigasjon og våpen/sensor-lære. Eit
intensivkurs kan ikkje erstatte eit vanleg årskurs, men elevar som er motiverte,
og til stades 24 timar i døgnet, kan få eit bra grunnlag for vidare studium.
Skipet i seg sjølv er som eit stort laboratorium, noko som vi kanskje kunne ha
utnytta meir enn vi gjorde på dette kurset.
(Klikk på bliete for full størrelse)
| Fysikk-utstyr for 2Fy. Vi måtte velja ut ei rimeleg mengde utstyr. 2 Pasco dataloggarar med diverse sensorar og bærbare datamaskiner med videokanoner var sentrale i undervisninga. | |
![]() |
Fritt fall var eit problem. Omgrep som "horisontal" og "vertikal" får nytt innhald ombord i ei seglskute der dørken har ein helningsvinkel, bordplata ein annan og begge varierer under forsøket. Her prøver Linn å fange opp kula som Eirik slepper mellom lys-portane. Dette var ikkje heilt enkelt. |
![]() |
Løysinga på problemet var å vente på
midlare krengning av skuta (horisontal akselerasjon tilnærma lik null),
bruke loddline og fleksibelt stativutstyr og stå sjøbein. Resultat:
g=9,8 m/s2
|
![]() |
Pendelforsøk. Her var det også problem med å treffe inne i lysportane (som var teipa saman for fartsmåling). Etter mange treff av blykula i kanten på lysportane, utan å knuse utstyret, fekk vi inn full-treffar. Her måler vi også snordraget i likevektspunktet, og resultatet var S=3G! |
![]() |
Klasserommet/laboratoriet var ein salong med skinnsofaer og store arbeidsbord. Fint for gruppearbeid/lab-øvingar. |
| Newtons 2. lov: Her måler Erik krefter og akselerasjon med Pasco-sensorane for kraft og avstand. Om natta stod ein PC og logga luft-trykk, temperatur og krengning av skuta. Det viste seg at akselerasjons-sensoren i praksis (sjølvsagt) var svært avhengig av krengingsvinkelen, og dermed ikkje var brukbar til anna enn måling av den. | |
| Legg merke til slingre-dukar og surring. Datamaskin på slingreduk hadde friksjonstal godt over 1, men i grov stampesjø varierer normalkrafta, så alt kunne skje. | |
| Så var det friminutt. Badetemperatur i overflata: 18,3 grader. På 1m djup: 18,3 grader (4 nautiske mil frå Gotland). Pasco-boksen blir firt ned til sjøen for måling. | |
| Bading og rakett-oppskyting. Raketten, type Olden 1,5 l, gjekk nesten til toppen av riggen (45 m), før han korrigerte kursen og gjekk til havs og traff oppi ein gummibåt. Rykte vil ha det til at det var beste rakettforsøk i sjøforsvaret på lang tid. | |
| Til 3-kaffien var det obligatorisk sjanti-øving med profesjonelle føresongarar - sersjanten og kapteinen. | |
| Brasing av riggen. Her krevst det store krefter i praksis. Dei fleste kom heim med tjukkare hud i hendene enn dei hadde ved avreise. Alt arbeid med segla vart utført manuelt . | |
| Så var det reker, hamburger og ankerøl. Utdanning ved Sjøkrigsskolen er ein god kombinasjon av individuelle studier, team-arbeid, spennande opplevingar og godt miljø. Undervisninga er på høgskolenivå, og tilsvarar ingeniørhøgskole for tekniske linjer og maritim høgskole for operative linjer, og med eitt års lederutdanning på kjøpet. | |
| Det er små klassar med tett oppfølging. Kadettane har lønn under utdanninga, er garantert gode og interessante jobbar etter endt utdanning. Mange tar vidareutdanning ved NTNU (siv.ing) eller Universitetet i Bergen (f.eks. hovedfag i fysikk). | |
![]() |
Det er også fint å vera
fysikklærar ved Sjøkrigsskolen. Men ikkje alle får vera med på
sommar-tokt. Skolen har 7 lærarar med fysikk hovedfag, 3 av dei har
doktorgrad. I tillegg er det 3 siv.ing. som underviser i tekniske fag. Dette
er såleis eit av dei større fagmiljøa for fysikkundervisning på
høgskolenivå i Noreg. Lat gjerne fysikk-elevane på skolen din sjå denne sida! Lars Olav Tveita Utdanning i Sjøforsvaret. |