![]() |
Bli med på eit nasjonalt løft for fysikken i Verdas fysikkår 2005! |
UNESCO har vedtatt at 2005 skal vere Verdas Fysikkår, og planleggjinga av fysikkåret i Noreg er allereie i gong. I 2002 ga Utdannings- og forskningsdepartementet ut strategiplanen "Realfag, naturligvis -strategi for styrking av realfagene 2002-2007". Planen vart oppdatert i januar 2004, og her er Fysikkåret 2005 lista opp som eit av tiltaka for å "heve fysikkfagets status i samfunnet og stimulere barn og unges interesse for fysikk" (sitat frå side 33, punkt 5D.5).
Norsk fysisk selskap har nedsett ein nasjonal komité ("Fysikkår-komitéen") som skal iverksette og koordinere tiltak i samband med fysikkåret. Fysikkår-komitéen vil gjere mest mogleg ut av dette året for å få publikum nysgjerrig på fysiske fenomen rundt seg, profilere fysikk som eit praktisk og eksperimentelt fag samt å bruke materiale som appellerer like mykje til jenter som til gutar. Me ynskjer å bruke 2005 til å fokusere på korleis fysikken formar kvardagen vår såvel som måten me oppfattar verda rundt oss på. Målet er å nå ut til alle lag av folket, gjerne gjennom utradisjonelle kanalar. Barn og ungdom i skulen vil sjølvsagt vere ei viktig målgruppe.
For å greie dette treng me hjelp frå samarbeidspartnarar, og "Fysikkår-komitéen" vil med dette invitere fysikklærarar og fysikkmiljø over heile landet til eit samarbeid om fysikkåret generelt og ei fysikkveke spesielt. I denne omgang ynskjer me innspel på kva som skal til for å få til ei vellukka fysikkveke på skular og i lokalmiljø rundt om i landet.
Fysikkveke i skule og lokalmiljø
I løpet av 2005 ser me for oss å arrangere ei nasjonal fysikkveke i skulen og i lokalmiljøa. Her kan fleire aktivitetar knyttast til fysikk-temaet:
Kom med innspel!
Me vil svært gjerne ha fleire idear og tilbakemeldingar på kva for aktivitetar og tiltak som lar seg gjennomføre i undervisningssamanheng eller gjennom organiserte fritidstilbod i løpet av ei nasjonal fysikkveke. Utover i planleggjingsåret 2004 kjem Fysikkår-komitéen til å utarbeide materiell som kan brukast i dei ulike aktivitetane. Fysikkår-komitéen tar mål av seg til å sende ut ei "inspirasjonspakke" til fysikklærarar, fysikkmiljø og moglege samarbeidspartnarar i god tid før den nasjonale veka. Pakka vil innehalde meir detaljerte forslag til aktivitetar, bakgrunnsmateriell og så vidare. Konkret ynskjer me tilbakemelding på:
Kom med innspel innan 1. juni 2004 på skjema via webadressa http://wo.uio.no/as/WebObjects/nettskjema.woa/wa/svar?id=4706
Eventuelle spørsmål kan rettast til Magnhild Sægrov på e-post: magnhs@fys.uio.no
Me håpar på eit dugnadsår for fysikken i 2005, og me håpar at du vil vere med!
For Fysikkår-komitéen 2005:
Anders Isnes, Nasjonalt senter for naturfag i opplæringen
Ellen K. Henriksen, Skolelaboratoriet, Fysisk institutt, UiO
Magnhild Sægrov, Førstekonsulent, Fysisk institutt, UiO