Fint at du redigerer et fysikk magasin, men overtro hoerer IKKE hjemme i et
slikt magasin, saa noen har holdt deg for narr. Dette med egget paa
hoeykant er en myte som aldri doer dessverre.
Venligst hilsen
Ivar Giaever

Det er ikkje så lett å halde redaktøren for narr. Og sikkert ikkje lesarane i Fysikklæreren heller. Men kanskje sunnmøringar?  Egget på høgkant er berre ei innleiing til problemstillinga som kjem her:   "Den matematiske formel for egget". (red)

Er sunnmøringar meir lettlurde enn andre?


Vikebladet/Vestposten:
Egget står på høgkant når sola snur.

Jim Madison frå Boston i USA gjestar Hareid i jula. Heime hos familien til
kjærasten Anja Hovden i Bigset Vest har han demonstrert noko som nordmenn
flest neppe har stor kunnskap om; at egg kan stå på høgkant ved vintersolverv!
I følgje Jim er denne balansekunsten berre gjennomførleg i dei næraste
timane kring vinter- og sommarsolverv.
Sola snudde klokka 02,56 den 22. desember. I 17-tida demonstrerte Jim
kunsten for Vikebladet/Vestposten. Han hevdar at han er gjennomførleg cirka i 10
timar før og like lenge etter at sola snur. Jim fekk egga til å stå på den
flataste av endane – og hadde ambisjonar om å gjennomføre det heilt store nummeret i
løpet av natta; å få egget til å stå på spissenden og i «skråstilling». Men
dette lukkast ikkje denne gongen. Kanskje er det for mange forstyrrande
sentripetalkrefter i Bigsetfjellet!
Jim fortel at han lærte om denne kunsten i fysikktimane på skulen. Han
forklarer det med jorda sin posisjon i forhold til sola ved solsnu.
Alfred Hovden fortel at grannen Oddgeir Røyset var vitne til
balansekunsten – i tillegg til Vikebladet/Vestposten.
Jim prøvde å få egga til å stå på «flatenden» også seinare i jula, men då
var det for seint. Solvervet var over!

Egg.jpg (21500 bytes)
Jim Madison får egget til å balansere på høgkant ved
vintersolverv ...

(Vikebladet/Vestposten 29. desember 1998)

* Det er ingen som helst tvil om at Jim Madison fekk egga til å stå på den
flate enden, fleire egg samtidig! Det såg eg sjølv. Men det eg ikkje er
sikker på, er om  han påstod at dette gjekk an også ved sommarsolverv. Han sa det
kanskje slik at han trudde det ...
Leiv Arne Grimstad

"Den matematiske formel for egget".

Fysikklæreren vil følgja problemet vidare, utan at redaktøren dermed er lurt av illusjonistar, og oppmodar lesarane til å rekna på dette problemet: Kan eit egg (evt. av ein utvald hønserase) vera stabilt når det står på den butte enden? Skal vi rekna på det, må vi ha ein matematisk formel for formen som eit egg kan ha. Er det nokon som vil prøve å lage ein formel med eit høveleg tal parametrar? Vi går ut frå at egget er homogent. Send svar til redaktøren.

Vi sender ut spørsmålet på nyhetsgruppe  no.fag.diverse.  Denne nyhetsgruppa vil førebels vera den beste for å profilere fysikk-faget. Vi oppmodar alle fysikklærarar og elevar til å delta med innlegg i denne gruppa. Gjerne med ordet FYSIKK i tittelfeltet. Etter ei tid kan vi då be om eiga nyhetsgruppe  med namn   no.fysikk.